Fyrst og fremst ein stor siger for den oppveksande generasjon, alle born og unge får heilt andre moglegheiter til aktivitet både i og utanfor skuletid.
Etter eit langt kommunestyremøte i dag, vedtok kommunestyret einstemmig å inngå leigeavtale med Volda Campus Arena AS. I vedtaket vart det også vedteke å stryke punkta som gjeld føresetnad om godkjend fylkeskommunal leigeavtale.
Mange av medlemmene i kommunestyret skrytte av prosessen med hallen, og rosa arbeidet Volda Campus Arena har gjort.
Dette prosjektet let seg gjennomføre grunna eit godt samarbeid mellom Volda Campus Arena AS, SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Volda Campus Arena As takkar for tilliten, og gler seg stort til det vidare arbeidet til Volda Campus Sparebank1 Arena skal stå klar til skulestart neste år.