Stor dag for alle med hjarte for Volda, og Volda-idretten

Fyrst og fremst ein stor siger for den oppveksande generasjon, alle born og unge får heilt andre moglegheiter til aktivitet både i og utanfor skuletid.

Etter eit langt kommunestyremøte i dag, vedtok kommunestyret einstemmig å inngå leigeavtale med Volda Campus Arena AS. I vedtaket vart det også vedteke å stryke punkta som gjeld føresetnad om godkjend fylkeskommunal leigeavtale.
Mange av medlemmene i kommunestyret skrytte av prosessen med hallen, og rosa arbeidet Volda Campus Arena har gjort.

Dette prosjektet let seg gjennomføre grunna eit godt samarbeid mellom Volda Campus Arena AS, SpareBank 1 Søre Sunnmøre​, Volda kommune​ og Møre og Romsdal fylkeskommune​.

Volda Campus Arena As takkar for tilliten, og gler seg stort til det vidare arbeidet til Volda Campus Sparebank1 Arena skal stå klar til skulestart neste år.