Stao pao……tenk stort!
Slik var beskjeden frå samfunnsentreprenør sogndølen Rolf Navarsete etter sitt besøk i Volda i samband med presentasjon av VCA til Voldaborgarane i november 2016.
For å skape store ting handlar det om å få alle gode krefter til å arbeide saman – Entusiasme og engasjement er nøkkelord for å lukkast og har vore suksessfaktorane for VCA-prosjektet frå initiativet kom i 2016.
VCA utløyser store synergieffektar for Voldasamfunnet.
For ordens skuld Synergieffektar tyder: Meireffekt ved at to eller fleire tiltak tilsaman gjev større og betre resultater enn summen av tiltaka kvar for seg.
Vi er glad for at vi hadde politikarar, i rolla som samfunnsutviklarar, som såg moglegheitene og verdiane som kunne skapast, og viste mot til å fatte vedtak som gjorde at prosjektet kunne realiserast.
Vi vil her bidra til å fram fakta omkring den finansielle konstruksjonen til VCA slik at nye Voldapolitikarar og innbyggjarar skal forstå korleis VCA no vert realisert, eit prosjekt med samla budsjettert investeringskostnad på kr 249 937 609, rundt rekna kr 250 mill inkl. mva. – ein kvart milliard.
Investeringskostnad
Volda kommune sin andel av den samla investeringskostnaden på Joplassen/VCA er totalt kr 78 297 667,- (av 250 mill)
Av dette utgjer:
- parkeringsseksjonen 21,5 mill
- tomtekostnad kr 10 mill.
- Infrastruktur for område inkl Symjehall og Mediebygg kr 16,8 mill
- tilskot til idrettshallen 30 mill.
Ved evt avhending av parkeringsseksjonen bør det vere fullt mogleg oppnå realisasjonsverdi tilsvarande kostpris inkl tomteverdi, 31,5 mill.
Det øvrige vert finansiert slik:
Staten yter ca 75,8 mill gjennom:
- mva-refusjon 48 mill
- spelemidlar 27,8 mill
VCA AS:
- eigenkapital – gavemidlar kr 10,3 mill.
- lån kr 95 mill
Totale regnestykke for investeringskostnad Volda Campus Arena
ser altså slik ut:
250 mill |
= |
78,3 mill |
+ |
75,8 mill |
+ |
105,3 mill |
Investeringskostnad |
Volda kommune |
|
Staten |
|
VCA AS |
Det vil seie at Volda kommune står for i underkant 1/3 av investeringa på Joplassen i 2019/2020 gjennom VCA-prosjektet.
Driftskostnad
Hallen skal driftast år for år og har eit samla driftsbudsjett på ca. kr. 10 mill. inkl. finanskostnadar. Dagtid er Volda kommune er leigetakar for barne- og ungdomsskulen og Møre og Romsdal Fylkeskommune er leigetakar for vidaregåande skule. Kveldstid er det idretten og dels Volda Kommune som er leigetakar.
Volda kommune sin kostnad for leigeavtalen er kr 3.35 mill pr. år.
Om ein reknar finanskostnaden for sjølve hallbidraget på 30 mill er dette pt. Kr 360 000,- ved låneopptak i Kommunalbanken, med rente pt. 1,2%.
Om ein reknar lineær avskrivingstid på 40 år på investeringsandelen på 30 mill til VK må ein legge til kr 750 000,- pr år.
Med finanskostnad på ca 1,1 mill pr. år og 3.35 i årleg leigepris er kostnaden pr år for Volda kommune 4.45 mill.
Møre og Romsdal Fylkeskommune betalar 2.94 mill pr. år.
Til samanlikning: I henhold til Ørsta kommune si saksutgreiing så belastar Ørstahallen Ørsta kommune samla ca. 10-11 mill pr år inkl. drifts- og finanskostnadar.
Totale regnestykke for driftskostnaden til Volda Campus Arena
ser altså slik ut:
10 mill |
= |
4.45 mill |
+ |
2.94 mill |
+ |
2.7 mill |
Total driftskostnad |
Volda kommune |
|
Møre og Romsdal Fylkeskommune |
|
VCA AS |
VCA AS har etablert faste leigeavtaler med Volda Handballklubb og Volda Volleyballklubb og samarbeidsavtale med Sparebank1 Søre Sunnmøre til samla årleg verdi på kr. 1,35 mill. Dei øvrige driftsinntektene til VCA AS skal skapast gjennom aktivitetar og arrangement som arenaen gir moglegheit for.
Status og vegen vidare
VCA er no om lag 6 mnd unna målstreken, og vi vil halde oss godt innanfor avsett økonomiske ramme om ikkje noko heilt spesielt skulle skje.
Vi har vore med på ein dynamisk og effektiv prosess i prosjektet der kompetansen og entusiasmen har gått hand i hand. Det gjev resultat.
Sivilarkitekt Stefan Ekberg, prosjektleiar for VCA AS Knut Gulbrandsen og prosjektleiar for Volda kommune Pål Are Vadstein har gjort ein fantastisk jobb som har sikra eit unikt produkt og framifrå prosjektstyring.
Alle politikarar som plasserte den siste ballen i mål for VCA AS og avgjorde dette ein maikveld i 2019 kan sove godt om natta, i alle høve for det valet.
Administrasjon eller politikarar som seier ein ikkje kan investere eller satse vidare i Volda bør ikkje skulde på at det økonomiske fundamentet til Volda Kommune er svekka pga investeringskostnaden og driftsutgiftene for Volda Campus Sparebank1 Arena.
Vårt ynskje er at ein held på entusiasmen og engasjementet som er utløyst av VCA AS. For saman er vi sterke og kan få ting til å skje til det beste for Voldasamfunnet. Alle som har fulgt VCA prosjektet har fått med seg at Joplassen er regulert for nytt symjeanlegg. Asplan Viak har på oppdrag frå Volda Kommune sett på kva eit slik symjeanlegg bør innehelde for at ein skal oppnå gode synergiar og best mogleg økonomi i eit lengre perspektiv. Forslaget som er komen av stiftinga Voldabadet er ein minimumsløysing av det Asplan Viak tilrår. Eit slikt symjeanlegg skal stå i fleire tiår. Lat oss nytte tomta og den unike moglegheita for synergiar som er der med høgskulen og alt av skuletilbod like utanfor inngangspartiet. Voldabadet har skissert eit framtidsretta symjeanlegg og folkebad som vil verte til nytte og glede for alle – ope for alle.
Etter vår meining er Voldabadet sin skisse det rette valet for framtida – det vil stimulere til vekst og utvikling i Volda.
Møre 06.06.2020