Volda Campus Sparebank 1 Arena er ein treffstad på kveld og i helgar for store delar av idrettsmiljøet i Volda-samfunnet i tillegg til fleire kulturaktivitetar gjennom heile året. På dagtid er aktivitetssalane i stor grad utleidde for elevar på barne- og ungdomsskulen, samt vidaregåande skule.
Hallen har to speleflater for handball, to aktivitetshallar, fleirbruksrom, klatrehall, styrketrening- og spinning rom, ulike sosial rom, kafé, møterom, parkeringskjellar etc. Samla areal er ca. 11 000 m2.
Selskapet har i to år hatt ein prosjektstilling i 100% og vi ser nå etter ein driftsleiar i ca 60% stilling i den vidare drifta av hallen.
Om stillinga
Deltidsstilling (60%). Jobben som driftsleiar blir i størst mogleg grad utført på dagtid mellom 09.00 – 14.00, men ein må pårekne noko fleksibilitet i arbeidstid. I tillegg til driftsleiar vil VCA ha ein teamleiar for hallvertar på ettermiddags-/kveldstid.
Arbeidsoppgåvene er knytt til dagleg drift av anlegget, der følgjande oppgåver er sentrale:
- Fast kontaktpunkt for leigetakarane på dagtid
- Drift og oppfølging av ulike system
- Leverandøroppfølging samt oppfølging av serviceavtaler
- Halde oversikt over booking og ledig kapasitet i hallen til ei kvar tid
- God kommunikasjon med og oppfølging av teamleiar for hallvertar, personalansvar for teamleiar og hallvertar
- Godkjenning og betaling av fakturaer
- Sal og marknadsføring
- Praktisk vedlikehald og tilrettelegging
- Andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel med relevant utdanning utover vidaregåande skule. I tillegg ynskjer vi at du har fagleg innsikt i eigedomsdrift og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi ynskjer tilsetting i god tid før 1.9.22. Løn etter avtale.
Driftsleiar rapporterer til styreleiar i VCA AS.
Søknadsfrist: 6. mai 2022 Ved spørsmål til stillinga kontakt Janicke W. Driveklepp tlf 915 91885. Søknad sendast til styreleiar janickedriveklepp@gmail.com