Som eit kampanjetilbod fram til 1. november 2025 tilbyr vi medlemskap i VCA trening for 1 krone for den fyrste månaden. Då får du tilgang til styrkerommet som har 100 kvm med moderne treningsutstyr av høg kvalitet.

Vi opnar no opp for at alle som ønsker det kan få bruke styrkerommet på Volda campus Sparebank1 arena. Dette er perfekt for deg som helst vil trene individuelt og ikkje ønsker lang bindingstid for medlemskap. For deg som har barn på trening vil det også kunne vere praktisk og enkelt å bruke tida på å trene sjølv. Vi kan tilby følgande fordelar:
- Inga bindingstid for medlemskap
- Sentralt plassert på campus, kort veg for studentar og andre
- Styrkerommet har moderne treningsutstyr av høg kvalitet
- Inntektene frå Treningsavgifta går direkte til å styrke tilbodet for idrett blant barn og unge – ikkje til aksjeutbytte til eit konsern.
Ved innmelding innan 1. november 2025 vil du få gratis nøkkelkort (ordinært 200 kroner).
Etter den fyrste månaden er ordinær medlemsavgift 220 kroner.
Vi brukar medlemssystemet Rubic Connect. Last ned appen og registrer deg her:
(for iphone) https://apps.apple.com/no/app/rubic-connect/id1533645044
(for android) https://play.google.com/store/apps/details?id=com.rubic.connect&hl=no
Når du har lasta ned appen, følgjer du instruksane nedanfor for å fullføre registreringa:
https://rubic.zendesk.com/hc/no/articles/9286169705628-Hvordan-kj%C3%B8pe-aktivitetskort
Les meir om medlemsvilkår her: https://www.voldacampusarena.no/vilkar-og-reglar-for-styrkerom-og-spinningrom/

