Vi kan feire fem flotte år!

7. desember 2025 er det fem år sidan opninga av Volda campus Sparebank1 arena. Fleire hundrede er innom der dagleg for kroppsøving og trening innan handball, volleyball og mange andre idrettar. I tillegg har der vore landskampar, konsertar, Grand Prix og ei rekke andre arrangement. Korleis starta det heile?

Kan det byggast ein ny idrettshall her? Det er i oktober 2015, og eg ser utover «Joplassen», den store tomta nedanfor Berte-Kanutte. Spørsmålet om korleis Volda skulle få bygd ein ny og større idrettshall hadde allereie i fleire år vore på ei endelaus ørkenvandring. Voldahallen trengte omfattande renovering, og hadde for liten kapasitet med omsyn til treningstider og publikum. I tillegg var gymsalane som ungdomsskulen og Øyra skule brukte nedslitt, og det stod heller ikkje så sprekt til med det Idrettsbygget kunne tilby for studentane. Løysinga for alle desse kunne vere å bygge ein ny idrettshall på Joplassen, i gåavstand til alle skulane og stor nok til at hallidrettane skulle få oppfylt sine behov. Brevet som eg sendte til kommunen der eg ba den om å sjå nærare på Joplassen som ein muleg løysing blei høfleg motteke, men utan at det då skjedde noko særleg meir.

I eit forsøk på å finne ei løysing på hallspørsmålet blei det hausten 2015 etablert ei kommunal hallgruppe der idretten var representert ved Olav Fure (Volda Idrettsråd) Erlend Krumsvik (KFUM Volda) og Johnny Kragset (Volda Handball). Etter prosess i hallgruppa iløpet av vinteren 2015/16 var den politiske og administrative leiinga i kommunen einige om at det mest realistiske ville vere å få bygd berre ein mindre enkel hall saman med fylkeskommunen på Steinrøysa ved den vidaregåande skulen.

På årsmøtet i Volda handball tidleg på vårparten i 2016 blei hallspørsmålet diskutert. På årsmøtet kunne Johnny rapportere om at den kommunale prosessen stod i stampe, og at det var problem med omsyn til både finansiering og plassering av ein ny idrettshall. Det mest aktuelle alternativet var ein liten hall på Steinrøysa eller ei moderat renovering av Voldahallen, men då ville ein framleis ha kun ei handballflate. I tillegg ville gåavstanden vere for lang for barne- og ungdomskulen, som dermed fortsatt ville vere utan kroppsøvingslokale ved ei slik «løysing». Det heile såg mørkt ut, kunne årsmøtet konkludere.

Vi begynte derfor å sjå på på tomter som allereie var eigd av det offentlege og regulert til skuleformål. Kunne det kanskje vere muleg å bygge i området mellom Øyra skule og Berte Kanutte-bygget? Det kunne vere ei plassering som kunne vere i praktisk avstand for alle elevar. Vi fekk ein arkitekt til å vurdere dette alternativet. Han konkluderte med at tomta hadde ei god og sentral plassering, men det ville bli både trongt og vanskeleg å bygge. Vi måtte derfor finne eit anna alternativ.

Johnny kom då tilbake og fortalde at han hadde ein plan. Gjennom sitt yrke hadde han tidlegare hatt samtalar med Eiliv Halkjelsvik i samband med mogleg sal av den sentralt beliggande tomta på Joplassen. Var moglegheitene for ein ny idrettshall her? Johnny gjenopptok kontakten med tomteeigar, og Eiliv og familien stilte seg umiddelbart positiv til ideen og planane.

Samstundes starta Johnny og Anita Kragset ein prosess for å få bygd ein best mogleg idrettshall i idrettens regi. Anita utarbeida eit omfattande romprogram for å synleggjere moglegheitane. Dette blei presentert både for den kommunale hallgruppa, kommunestyret, Volda handballklubb og KFUM Volda i mai 2016. Det var på dette tidspunktet ikkje offentleg kunngjort at tomta på Joplassen kunne vere aktuell.

Sommaren 2016 fekk Johnny og Anita Kragset engasjert det lokale selskapet Fire Grader AS til å utarbeide ein 3d illustrasjon av den mogleg nye idrettshallen. Illustrasjonen sa meir enn tusen ord, og synte at plasseringa av hallen var optimal.

Utover sommaren blei det ført konstruktive samtalar med tomteeigar som gav oss trua på at det ville vere muleg å få i hamn ein avtale, men optimismen skulle snart bli dempa. I slutten av juli 2016 kunne ein nemleg lese i Møre at det var fleire som var interessert i den same tomta. Høgskulen planla å bygge eit nytt mediebygg, og såg føre seg at det ville bli nødvendig å sikre seg denne tomta til parkeringsareal. Høgskulen ba derfor om at Volda kommune skulle kjøpe denne tomta, om nødvendig med bruk av ekspropriasjon, for å legge til rette for høgskulen sine byggeplanar.

Skulle det endå ein gong ikkje lykkast å byggje ein ny idrettshall? Det blei satt fortgang i forhandlingane med eigar av tomta, og i september var ein langt på veg einige om både pris og vilkår. Då var tida inne for å involvere styret i Volda handball for å fortelje kva som var på gang.Med bakgrunn i Volda Handball sine ambisjonar og KFUM Volda sine tradisjonar var strategien for å lykkast at ein skulle få klubbane til å skipe selskapet Volda campus arena AS (VCA) der formålet skulle vere å realisere ideen og planen om ny idrettshall på Joplassen. Styret ved skipinga var Arild Bakke (leiar i Volda HK), Rune Aarflot (leiar i KFUM Volda), Idar Flo, Erlend Krumsvik og Johnny Kragset.

Tidleg i oktober blei kjøpsavtalen om tomta signert, og det låg an til finansiering av tomtekjøpet gjennom avtale med Sparebank 1 Søre Sunnmøre der Hallvard Bjørneset og Vidar Egset hadde vore kjent med planane ei tid og syntest det var ein god plan. No gjenstod det å presentere prosjektet på rette måten for resten av Volda, og den 21. oktober la styret i VCA fram planane på ein pressekonferanse saman med Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Sjøl om VCA no hadde sikra seg tomta var ein langt ifrå mål. Det var mange som måtte overtydast om at dette var liv laga, og fyrste stopp for VCA var eit møte med kommunen 1. november.  I begynnelsen av møtet gav ordføraren tydelege signal om at høgskulen sine ønske om tomta måtte ha forrang. Men etter kvart som vi fekk lagt fram VCA sitt syn på saka så snudde stemninga. Møtet endte med at kommunen var positive til at idretten sjølv hadde teke initiativ til å bygge ny idrettshall, og ville vise velvilje for å få dette til.

For å overtyde opinionen inviterte VCA nokre veker seinare inn til folkemøte. Der hadde vi fått Rolf Navarsete frå Sogndal IL til å presentere kva realisering av idrettsanlegg hadde hatt for positive ringverknader for Sogndal. Sjølv om mange var svært positive til VCA sine planar, var det framleis mange hinder som måtte passerast. Det viktigaste var å få inn skulane som leigetakarar slik at finansieringa kunne sikrast. I tillegg måtte reguleringsplan for området utarbeidast og sjølve idrettshallen planleggast. Området skulle regulerast for idrettshall og symjehall (Voldabadet) med felles infrastruktur. I dette arbeidet stilte Ottar Skare aktivt opp med sin gode kompetanse, engasjement og bidrog med  til ein veldig god og heilheitleg plan.

I november 2017 fekk ein delegasjon frå VCA omvisning i Hønefoss arena. Fv. : Idar Flo, Arild Bakke, Anita Kragset og Johnny Kragset

I løpet av det neste året reiste representantar frå VCA på synfaring til nye idrettshallar for å samle erfaring. Etter at vi var fyrst hadde vore innom Utleira og Hønefoss gjekk turen til slutt til Nadderud arena i Bærum. Det blei på fleire måtar eit lykketreff.

Nadderud arena falt straks i smak, og skulle etter kvart bli «modell» for vår idrettshall. I tillegg fekk vi der møte sivilingeniør Knut Guldbrandsen som hadde leia prosjektet med å bygge Nadderud arena, og arkitekt Stefan Ekberg som hadde stått for teikninga. Vi konkluderte nokså fort at dette var nyttig erfaring og kompetanse som vi kunne ha stor nytte av. Få dagar etter turen til Bærum fekk VCA derfor engasjert desse to ressurspersonane i utviklinga og gjennomføringa av vårt prosjekt.

Styreleiar i VCA as Arild Bakke la ned eit betydeleg arbeid, og var ei avgjerande drivkraft for realiseringa av Volda campus Sparebank1 arena. Gjennom mange år som leiar for Volda handball hadde Arild kjempa for betre forhold for hallidrettane, og ved opninga i 2020 kunne han feire med kake at draumen var oppfylt.

Parallelt med prosjekteringa av idrettshallen heldt arbeidet med finansiering fram. Nærleiken til Øyra skule og ungdomsskulen bidro til at kommunen kunne gå inn som leigetakar. Det sat noko lenger inne å få eit endeleg ja frå fylkeskommunen, sjølv om reknestykket viste at dette ville vere den billegaste løysinga. Fylket måtte i denne tida også finne pengar til å bygge Nordøyvegen, og dette skapte vanskar. Til slutt falt likevel også denne brikka på plass, og VCA fekk istand ein leigeavtale med fylket.

Arkitekt Stefan Ekberg presenterte i denne 3D-modellen i august 2018, ikkje så ulikt det ferdige resultatet.

På mange måtar var dei vanskelegaste hindera no passert, men enno var det mykje som gjensto. Framleis var det ei lang rekke med møter og e-postar som måtte til før vi endeleg var klare til å setje i gang med bygginga i august 2019. Det var Betonmast Røsand AS som vann anbodet, og sjøl om mykje av arbeidet måtte gjerast under den verste koronoperioden så blei bygginga berre eit par veker forseinka. Den 7. desember 2020 blei Volda Campus sparebank1 arena offisielt opna, og det fyrste arrangementet var handballkampen mellom Volda og Gjerpen den 10. desember. Sidan har det blitt eit samlingspunkt der tusenvis har vore innom for trening, kampar, undervisning, konsertar og mykje anna. Kva ville Volda ha vore utan Volda Campus sparebank1 arena?

Idar Flo

Styremedlem VCA AS

Bli medlem i VCA Trening for 1 krone

Som eit kampanjetilbod fram til 1. november 2025 tilbyr vi medlemskap i VCA trening for 1 krone for den fyrste månaden. Då får du tilgang til styrkerommet som har 100 kvm med moderne treningsutstyr av høg kvalitet.

Vi opnar no opp for at alle som ønsker det kan få bruke styrkerommet på Volda campus Sparebank1 arena. Dette er perfekt for deg som helst vil trene individuelt og ikkje ønsker lang bindingstid for medlemskap. For deg som har barn på trening vil det også kunne vere praktisk og enkelt å bruke tida på å trene sjølv. Vi kan tilby følgande fordelar:

  • Inga bindingstid for medlemskap
  • Sentralt plassert på campus, kort veg for studentar og andre
  • Styrkerommet har moderne treningsutstyr av høg kvalitet
  • Inntektene frå Treningsavgifta går direkte til å styrke tilbodet for idrett blant barn og unge – ikkje til aksjeutbytte til eit konsern.

Ved innmelding innan 1. november 2025 vil du få gratis nøkkelkort (ordinært 200 kroner).

Etter den fyrste månaden er ordinær medlemsavgift 220 kroner.

Vi brukar medlemssystemet Rubic Connect. Last ned appen og registrer deg her:

(for iphone) https://apps.apple.com/no/app/rubic-connect/id1533645044

(for android) https://play.google.com/store/apps/details?id=com.rubic.connect&hl=no

Når du har lasta ned appen, følgjer du instruksane nedanfor for å fullføre registreringa:

https://rubic.zendesk.com/hc/no/articles/9286169705628-Hvordan-kj%C3%B8pe-aktivitetskort

Les meir om medlemsvilkår her: https://www.voldacampusarena.no/vilkar-og-reglar-for-styrkerom-og-spinningrom/

Den største hagen i Volda

Høgt oppe på taket til Volda campus Sparebank1 arena yrer det av liv. Her har blomster, bier og andre insekt godt over tre dekar å boltre seg på, noko som gjer taket til ein «hage» som er blant dei største i Volda.

– Taket er sedumtak, det vil seie eit naturmateriale med plantevekster på toppen, fortel driftsleiar Eldar Meek. I tillegg til at det er langt finare enn eit vanleg halltak, har det også ein viktig praktisk funksjon. – Slike grøne tak absorberer nedbør, noko som bidrar til å forsinke avrenninga og avlastar overvatnssystemet, fortel Meek.

Driftsleiar Eldar Meek kan stolt vise fram ein hage i full bløming på toppen av Volda campus Sparebank1 arena.

Eit slikt grønt tak er også eit bidrag til å ta vare på biologisk mangfald, og at anlegget så langt som råd skal vere miljøvenleg. Denne tankegangen gjeld også val av energikjelde. – Hallen blir varma av jordvarme der det er bora 15 brønnar ned til 130 meter. Hovudoppvarminga er vassbåren varme i kombinasjon med luft. Bygget er derfor sertifisert i energiklasse A, fortel Meek.

Raudlista bier og andre insekt trivst godt.

På taket har også måser (som tru det eller ei også er raudlista) bygd reir.

Leig lokaler i landets finaste idrettsarena

Planlegg du ein fest for bedrifta di, vener eller familie? Leiter du etter ein stad å halde 50-årslag eller konfirmasjon? Vi har mange gode lokaler som kan leigast til selskap, møter, kulturelle arrangement, undervisning og ikkje minst idrett.

Landskamp Norge – Montenegro med nær 2.000 tilskoderar 8. april 2023.

Volda si eiga storstove kan brukast til langt meir enn berre idrett. Vi har leigd ut lokaler til blant anna dåp, konfirmasjonar, undervisning, julebord, samlingar for næringslivet og ei lang rekke kulturelle arrangement. Vegg-i-vegg ligg også Voldabadet med svært gunstige prisar.

Vi har fleire lokaler som kan pyntast til fest og markeringar

Sidan Volda campus Sparebank1 arena stod ferdig i 2020 har den vore modell for andre arenaer som seinare er blitt bygd, blant anna på Island og Færøyane.

Nedanfor finn du bildegalleri og leigeprisar:

Bildegalleri – VIP og møterom

Bildegalleri – speleflater

Bildegalleri – kioskar

Bildegalleri – Aktivitetssalar og garderobar(

Bildegalleri – Styrke- og spinningrom

Bildegalleri – Klatrehall

Bildegalleri – Kafe og fellesareal

Bildegalleri – utandørs

Ta kontakt med driftsleiar Eldar Meek (eldar.meek@voldacampusarena.no) dersom du ønskjer å leige eller eventuelle spørsmål.

Leigeprisar finn du her: https://www.voldacampusarena.no/utleige-av-vca/

Om parkering pga bygging av symjeanlegg ved VCA

Viktig informasjon til brukarane av Volda Campus Sparebank1 Arena.

Grunnarbeidet til den nye symjehallen er no starta opp, og dette får følgjer for parkering.

Rigg, peling, betongarbeid og grunnarbeid har no starta (desember 2022). Sluttdato for prosjektet 16.10.2024

Parkeringsplan vil bli nytta av entreprenør og avstengt
· Hovudinngang vil bli stengt i periodar, men usikkert når. Prosjektleiar (Volda kommune) følgjer opp dette i vidare dialog med VCA når det nærmar seg. Det kan bli noko trafikk på vestsida av VCA til varelevering.
· I sum blir riggområdet avstengt.

  • Kommunen har leigd arealet på Rotevasstomta til parkering. (Ny gruslagt parkeringsplass, rett overfor Hans Strøm bygget)
  • Kort veg å gå mellom Brakkene og Høgskulebygget, til Volda Campus Sparebank1 Arena, og hovudinngangen til Høgskulen.
  • Bruk også parkeringsplassen i kjellaren til VCA.

Sjå også kartskisse over området

Vil du vere hallvert i Volda campus Sparebank 1 arena?

Volda campus Sparebank 1 arena er Volda si nye storstove. Arenaen stod klar til bruk 7. desember 2020. Arenaen er bygd og eigd av Volda campus arena AS, eit firma som Volda handballklubb og KFUM Volda volleyball står bak.
Vi søker no etter hallvertar til hallen på timebasis ettermiddag og kveld. Hallvertane skal bidra til at anlegget til ei kvar tid er ryddig, og i tillegg hjelpe og rettleie brukarane av hallen.
Målet med hallvertar i hallen er å gi auka trivsel i eit reint og ryddig bygg. Hallvertar gir redusert sjanse for hærverk, motverkar mobbing, og gir ein generell auka trivsel og tryggleik i hallen.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og alle vakter må være over 18 år. Det vil bli gitt opplæring.

Typiske oppgåver for hallvertar:
• Gå tilsynsrunder
• Generell rydding
• Lettare smittevernreinhald
• Sjekke og etterfylle forbruksvarer på toalett/garderobe/fellesareal
• Sjå til at styrkerom er tomt og ryddig ihht. oppsett ved stengetid
• Sjekke at lager og garderobar er tome før låsing av hall
• Låsing av hallen
• Mogleg sal av enkle produkt og kaffe frå Cafe’en. Etterfylling etter behov

Hallvertane vil få arbeidskontrakt med VCA AS og vert følgde opp som arbeidstakarar. Som hallvert vil ein forplikte seg til opp til 8 timars vakt i veka, som er løna arbeid. Vi ser for oss å ha to hallvertar pr dag (måndag til fredag) og kvar hallvert vil ha ei 4 timars vakt. Men dette kan endrast. Hallen skal haldast open frå kl. 1500 til kl. 2100 kvar kveld.
Nærare informasjon om løn og arbeidsforhold elles får du ved å vende deg til driftsleiar Eldar Meek på tlf. 928 59123 eller e-post eldar.meek@voldacampusarena.no. Vi har som mål at hallvertane skal vere operative frå tidleg i september.

Kort søknad og CV sendast til post@voldacampusarena.no innan 2. september.


Eldar Meek ny driftsleiar

Då er ny driftsleiar tilsett i VCA AS. Eldar Meek tek til i rolla i løpet av sommaren, og vil vere i full aktivitet frå hausten. Han vil ha kontor i Volda campus Sparebank1 arena. Eldar er frå Volda og bur nær hallen. Han har allsidig erfaring og styret meiner han vil kome til å gjere ein god jobb i ei litt ny stilling i VCA AS.


Rune Aarflot sluttar i stillinga som Dagleg leiar 30. juni og er allereie i gang med opplæring i den nye jobben sin. Vi ønsker Rune lykke til i ny spennande jobb.