Livreddande gåve til Volda Campus SpareBank 1 Arena

Førre veke fekk VCA den kjekke beskjeden frå Volda Røde Kors om at dei gjerne ville gi Volda Campus SpareBank 1 Arena ein hjartestartar for å gi betre tryggleik til brukarane av hallen.

Operativ leiar Torgeir Bratteberg i Volda Røde Kors Hjelpekorps overrekte gåva til hallen sist veke. Røde Kors stiller som krav til dei som får hjartestartar at startarane er lett tilgjengelege, og blir registrert i det offentlege hjartestartarregisteret slik at startaren blir regelmessig følgt opp med tanke på batteriskifte og vedlikehald. Det er ikkje mykje hjelp i ein hjartestartar med tomt batteri seier Bratteberg. Volda Røde Kors oppfordrar difor alle som har hjertestartar i sine bygg å sjekke utløpsdato på batteripakken, sjå om den er registrert på 113.no og at kontaktinformasjonen som er registrert er oppdatert.

Hjartestartaren er no plassert ved speleflata, slik at dei som er på trening har lett tilgang til den. Frå før hadde KFUM Volda Volleyball og Volda Handball ein eigen hjartestartar i Voldahallen. Denne er no sett opp i vestibylen i Volda Campus SpareBank 1 Arena. Det betyr at uansett kvar du er inne i hallen, så har du tilgang til hjartestartar utan å møte ei låst dør, eller flytte deg over lengre avstandar.

Begge hjartestartarane er no registrerte i det offentlege hjartestartarregisteret 113.no, noko som betyr at personale på AMK-sentralar kan fortelje dei som ringer kvar dei kan finne næraste hjartestartar.

Signaturbygg i dobbelt forstand

Mange har allereie lagt merke til dei fine kunstverka som prydar veggane i gangane utanfor garderobene. VCA AS har heile tida vore opptekne av at dette skal vere ein arena som skal vere mangfaldig og inkluderande –  ein stad der barn og unge kan utvikle seg frå «liten til Eliten». Vi ville difor ha kunst som kunne uttrykke desse målsettingane, og er svært takksame for at dei to animasjonsstudentane Karoline Grønvik og Eilif Hensvold tok på seg oppdraget.  Begge går 3. året på animasjon ved Høgskulen i Volda. Vi er svært godt nøgde med resultatet, og ser fram til eit vidare samarbeid.

Karoline Grønvik framfor sitt kunstverk.

 

Eilif Hensvold framfor sitt kunstverk.

 

Volda Campus SpareBank 1 Arena er blitt eit signaturbygg i dobbelt forstand.

Volda Campus SpareBank 1 Arena er blitt eit signaturbygg i dobbelt forstand.

 

Siste innspurt for Folkeaksjen for Volda Campus Sparebank 1 Arena!

Trivsel og god funksjon blir vektlagt når vi no går inn i sluttfasen og opnar dørene for ei ny tidsrekning i Volda.

Midlane VCA AS får inn via Folkeaksjen kjem også godt med i sluttspurten, der vi no bl.a. prioriterer oppgradering av kafeèn i vestibylen, og gratis, trygg Wifi i hallen.

Skisse frå kafeen. Foto: Lindbak

I tillegg har vi valgt funksjonelle tilleggsløysingar for storskjermane i hallen, slik at dei i tillegg til viktig kommunikasjon under kampane, blir tilrettelagt for effektiv undervisning av elevar og utøvarar på dag- og kveldstid.

 

Trivsel for ungdomen og dei besøkande er eit kjernepunkt for drifta av hallen.

Det er ikkje for seint å bidra. Vi kjem til å selje Folkeaksjar til kr. 250,- ut november.

Alle som er med å bidreg, får namnet sitt på ei plate sentralt i hallen.

Som før betalar du med Vipps.

Vil du vere hallvert i Volda si nye storstove?

Når Volda Campus Sparebank1 Arena opnar for publikum i midten av desember, ynskjer vi at der er hallvertar i hallen på ettermiddag/kveld.

Er det noko du kunne tenkje deg å vere?

Meld interesse ved å bli med i Facebook-gruppa Hallvertar i Volda Campus Sparebank1 Arena

I Ørstahallen har dette blitt ei populær oppgåve og ein fritidssyssel for mange. Vi håpar at det blir slik hjå oss også, og at du har lyst å bidra.

Vi planlegg at det skal vere tre hallvertar samstundes, det kan gjerne vere ein venegjeng som er med på denne dugnaden saman.

Hallvertane skal bidra til at anlegget til ei kvar tid er ryddig, og i tillegg hjelpe og rettleie brukarane av hallen.

Målet med hallvertar i hallen er å gi auka trivsel, i eit reint og ryddig bygg. Hallvertar gir redusert sjanse for hærverk, motverkar mobbing, og gir ein generell auka trivsel og tryggleik i hallen.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og alle vakter må være over 20 år. Det vil bli gitt opplæring.

 

Typiske oppgåver for hallvertar:

  • Gå tilsynsrunder
  • Generell rydding
  • Smittevernreinhald
  • Sjekke og etterfylle forbruksvarer på toalett/garderobe/fellesareal
  • Sal og enkel tillaging av mat i kaféen. Etterfylling ved behov
  • Sjå til at styrkerom er tomt og ryddig ihht. oppsett ved stengetid
  • Sjekke at lager og garderobar er tome før låsing av hall
  • Låsing av hallen

Det vil bli eit informasjonsmøte om det å vere hallvert i slutten av november.

Dagleg leiar i Volda Campus Sparebank 1 Arena er tilsett!

Styret i Volda Campus Arena AS har tilsett Rune Hauge Aarflot i stillinga som dagleg leiar i Volda Campus Sparebank 1 Arena etter innstilling frå Tilsettingsutvalet sin leiar Knut Guldbrandsen. Tilsettingsutvalet har lagt vekt på likebehandling av kandidatane. Etter at Aarflot signaliserte at han kom til å søke på stillinga, deltok han naturlegvis ikkje på styremøte der utarbeiding av stillingsannonse og den vidare utvelgelsesprosessen vart drøfta.

Det var mange interessante søkjarar, og det vart gjennomført intervjurundar med i alt fem aktuelle kandidatar, med etterfølgjande referansesjekk. Etter ei samla vurdering vart Rune Hauge Aarflot innstilt som beste kandidat, og har akseptert styret sitt tilbod.

Rune har brei og lang yrkeserfaring frå grafisk industri og frå frivillig organisasjonsarbeid. Sidan 2016 har han bl.a. vore styreleiar i KFUM Volda Volleyball, og via dette også hatt rolla som nestleiar i styret i Volda Campus Arena. Desse verva vert avslutta omgåande som følgje av tiltreding av stillinga som dagleg leiar.

Stillinga som dagleg leiar er i første omgang ei engasjementsstilling med varigheit i to år, så vil stillingsomfang og innhald vert teke opp til vurdering.

Ved vurderinga av kandidatar til denne stillinga har tilsettingsutvalet vektlagt samarbeidsevner, allsidigheit, fleksibilitet, engasjement og erfaring frå drift av frivillige organisasjonar som viktige suksessfaktorar. I tillegg andre grunnleggjande element som teknisk og økonomisk forståing samt gode leiareigenskapar. Dagleg leiar vil ha stort fokus på drift av hallen no i innleiande fase, etablere gode rutinar og informasjonsflyt mellom brukarane og få til et godt samarbeid med alle, både på dag- og kveldstid. Etter kvart vil også dagleg leiar jobbe med utleige av ledige lokale, og saman med idretten og kulturlivet skape nye arrangement til glede for heile Volda-samfunnet.

Det er ingen tvil om at Volda no får ein arena som opnar heilt nye moglegheiter.

Vi er svært godt fornøgd med at Rune takka ja til denne stillinga, og Styret ser fram til eit godt og spennande samarbeid i tida framover!

 

På vegner av tilsettingsutvalet

Knut Guldbrandsen

Saman gjer vi det betre – i Volda

Stao pao……tenk stort!

Slik var beskjeden frå samfunnsentreprenør sogndølen Rolf Navarsete etter sitt besøk i Volda i samband med presentasjon av VCA til Voldaborgarane i november 2016.

For å skape store ting handlar det om å få alle gode krefter til å arbeide saman – Entusiasme og engasjement er nøkkelord for å lukkast og har vore suksessfaktorane for VCA-prosjektet frå initiativet kom i 2016.

VCA utløyser store synergieffektar for Voldasamfunnet.

For ordens skuld Synergieffektar tyder: Meireffekt ved at to eller fleire tiltak tilsaman gjev større og betre resultater enn summen av tiltaka kvar for seg.

Vi er glad for at vi hadde politikarar, i rolla som samfunnsutviklarar, som såg moglegheitene og verdiane som kunne skapast, og viste mot til å fatte vedtak som gjorde at prosjektet kunne realiserast.

Vi vil her bidra til å fram fakta omkring den finansielle konstruksjonen til VCA slik at nye Voldapolitikarar og innbyggjarar skal forstå korleis VCA no vert realisert, eit prosjekt med samla budsjettert investeringskostnad på kr 249 937 609, rundt rekna kr 250 mill inkl. mva. – ein kvart milliard.

 

Investeringskostnad

Volda kommune sin andel av den samla investeringskostnaden på Joplassen/VCA er totalt kr 78 297 667,-  (av 250 mill)

Av dette utgjer:

  • parkeringsseksjonen 21,5 mill
  • tomtekostnad kr 10 mill.
  • Infrastruktur for område inkl Symjehall og Mediebygg kr 16,8 mill
  • tilskot til idrettshallen 30 mill.

Ved evt avhending av parkeringsseksjonen bør det vere fullt mogleg oppnå realisasjonsverdi tilsvarande kostpris inkl tomteverdi, 31,5 mill.

Det øvrige vert finansiert slik:

Staten yter ca 75,8 mill gjennom:

  • mva-refusjon 48 mill
  • spelemidlar 27,8 mill

 

VCA AS:

  • eigenkapital – gavemidlar kr 10,3 mill.
  • lån kr 95 mill

 

Totale regnestykke for investeringskostnad Volda Campus Arena
ser altså slik ut:

250 mill = 78,3 mill + 75,8 mill + 105,3 mill
Investeringskostnad Volda kommune Staten VCA AS

 

Det vil seie at Volda kommune står for i underkant 1/3 av investeringa på Joplassen i 2019/2020 gjennom VCA-prosjektet.

  

Driftskostnad

Hallen skal driftast år for år og har eit samla driftsbudsjett på ca. kr. 10 mill. inkl. finanskostnadar. Dagtid er Volda kommune er leigetakar for barne- og ungdomsskulen og Møre og Romsdal Fylkeskommune er leigetakar for vidaregåande skule. Kveldstid er det idretten og dels Volda Kommune som er leigetakar.

Volda kommune sin kostnad for leigeavtalen er kr 3.35 mill pr. år.

Om ein reknar finanskostnaden for sjølve hallbidraget på 30 mill er dette pt. Kr 360 000,- ved låneopptak i Kommunalbanken, med rente pt. 1,2%.

Om ein reknar lineær avskrivingstid på 40 år på investeringsandelen på 30 mill til VK må ein legge til kr 750 000,- pr år.

Med finanskostnad på ca 1,1 mill pr. år og 3.35 i årleg leigepris er kostnaden pr år for Volda kommune 4.45 mill.

Møre og Romsdal Fylkeskommune betalar 2.94 mill pr. år.

Til samanlikning: I henhold til Ørsta kommune si saksutgreiing så belastar Ørstahallen Ørsta kommune samla ca. 10-11 mill pr år inkl. drifts- og finanskostnadar.

Totale regnestykke for driftskostnaden til Volda Campus Arena
ser altså slik ut:

10 mill = 4.45 mill + 2.94 mill + 2.7 mill
Total driftskostnad Volda kommune Møre og Romsdal Fylkeskommune VCA AS

 

VCA AS har etablert faste leigeavtaler med Volda Handballklubb og Volda Volleyballklubb og samarbeidsavtale med Sparebank1 Søre Sunnmøre til samla årleg verdi på kr. 1,35 mill. Dei øvrige driftsinntektene til VCA AS skal skapast gjennom aktivitetar og arrangement som arenaen gir moglegheit for.

 

 Status og vegen vidare

VCA er no om lag 6 mnd unna målstreken, og vi vil halde oss godt innanfor avsett økonomiske ramme om ikkje noko heilt spesielt skulle skje.

Vi har vore med på ein dynamisk og effektiv prosess i prosjektet der kompetansen og entusiasmen har gått hand i hand. Det gjev resultat.

Sivilarkitekt Stefan Ekberg, prosjektleiar for VCA AS Knut Gulbrandsen og prosjektleiar for Volda kommune Pål Are Vadstein har gjort ein fantastisk jobb som har sikra eit unikt produkt og framifrå prosjektstyring.

Alle politikarar som plasserte den siste ballen i mål for VCA AS og avgjorde dette ein maikveld i 2019 kan sove godt om natta, i alle høve for det valet.

Administrasjon eller politikarar som seier ein ikkje kan investere eller satse vidare i Volda bør ikkje skulde på at det økonomiske fundamentet til Volda Kommune er svekka pga investeringskostnaden og driftsutgiftene for Volda Campus Sparebank1 Arena.

 

Vårt ynskje er at ein held på entusiasmen og engasjementet som er utløyst av VCA AS. For saman er vi sterke og kan få ting til å skje til det beste for Voldasamfunnet. Alle som har fulgt VCA prosjektet har fått med seg at Joplassen er regulert for nytt symjeanlegg. Asplan Viak har på oppdrag frå Volda Kommune sett på kva eit slik symjeanlegg bør innehelde for at ein skal oppnå gode synergiar og best mogleg økonomi i eit lengre perspektiv. Forslaget som er komen av stiftinga Voldabadet er ein minimumsløysing av det Asplan Viak tilrår. Eit slikt symjeanlegg skal stå i fleire tiår. Lat oss nytte tomta og den unike moglegheita for synergiar som er der med høgskulen og alt av skuletilbod like utanfor inngangspartiet. Voldabadet har skissert eit framtidsretta symjeanlegg og folkebad som vil verte til nytte og glede for alle – ope for alle.

Etter vår meining er Voldabadet sin skisse det rette valet for framtida – det vil stimulere til vekst og utvikling i Volda.

 

Møre 06.06.2020

 

Omvising i hallen 26. mars 2020

Presentasjon av Volda Campus Sparebank 1 Arena

Volda si nye storstove tek form, og VCA AS ynskjer å invitere alle idrettslaga og andre interesserte i Nye Volda kommune for ein gjennomgang av prosjektet på Volda turisthotell tysdag 17. desember kl. 18.00.

Svært mykje er fastlagt ut frå krava til idrettsfunksjonell godkjenning, spelemiddelsøknad, idrettsforbunda, samt dei store leigetakarane Volda Kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune / Volda VGS., men er her forhold som kjem fram i møtet som kan gi bedra funksjonar utan at kostnad blir påverka, vil ein sjølvsagt vurdere om endringar er mogleg.

Agenda:
• Innleiing, VCA
• Presentasjon av romprogram med funksjonar og bruk, VCA
• Presentasjon av modell og løysingar så langt i prosjektet – Betonmast v/Stian Leite
• Presentasjon av status utførelse og forventa framdrift – Betonmast v/Endre Bårsaunet
• Spørsmålsrunde frå salen
• Vegen vidare, Volda Campus Arena AS

Sparebanken Vest gir 1 million til styrkerom i Volda Campus Sparebank1 Arena!

F.v.: Styreleiar i VCA AS, Arild Bakke, rådgjevar i Sparebanken Vest, Frank Vatne, fagansvarleg i Eiendomsmegler Vest, Johnny Kragset, salsleiar/prosjektleiar Region Nord i Eiendomsmegler Vest, Anita Arnesen Kragset, og styremedlem i VCA AS, Rune Hauge Aarflot. Foto: Erling Olav Storegjerdet, Møre

Heile Volda ser no fram mot at den nye storstova for hallidrettane står ferdig. Her skal både topp- og breiddesatsinga få gode spelerom. Sparebanken Vest ynskjer at alle brukarane får ein best mogleg treningskvardag og løyver difor 1 million kroner i gåvemidlar til styrke- og spinningrom i hallen.  

Styrketrening er viktig både for å fremje prestasjonane og å førebygge skader i hallidrettane seier Arild Bakke i Volda Campus Arena AS (VCA). Med styrkerommet på plass kan vi integrere dette i treningskvardagen og tidleg etablere god teknikk og gode vanar. Det er også positivt for spelarar som er ute med skade at dei kan kome på trening saman med dei andre og køyre alternativt opplegg i styrkerommet.

Frank Vatne i Sparebanken Vest har kontorfellesskap med Eigedomsmeklar Vest i Gamlebanken i Volda. Her vert sjølvsagt utviklinga av VCA eit stadig tema rundt lunsjbordet. – Volda er no i ein unik situasjon med lag som hevdar seg heilt i toppen nasjonalt i volleyball og handball. Denne toppsatsinga avlar breidde, og no ynskjer vi i banken å vere med på å leggje til rette for dette viktige arbeidet. Dette vert ikkje eit styrkerom reservert for elitelaga, men eit tilbod for alle brukarane i hallen som ein integrert del av treningskvardagen.

Då Sparebanken Vest vart stifta for snart 200 år sidan, var det ein ny måte å tenkje bank på. Banken skulle vere eigd av kundane og overskotet skulle brukast til det beste for lokalsamfunna.
– Med 290 000 kundar i ryggen vert det løyvd store summar til gode tiltak langs heile Vestlandet under mottoet «Saman gjer vi det betre». For meg så spelar dette mottoet heilt perfekt opp til det enorme dugnadsarbeidet som vert lagt ned for idrett og kultur i regionen, og det er difor ekstra kjekt å få vere med å dele ut denne støtta i dag, avsluttar Vatne.

Johnny og Anita Kragset i Eigedomsmeklar Vest har vore med i utviklinga av VCA heilt frå starten og ser med stor glede på at Sparebanken Vest blir med på laget.

Interessa og engasjementet frå Sparebanken Vest til å satse i Volda, og bidra til vekst og utvikling ved å støtte opp under viktige samfunnsutviklingsprosjekt i Volda er utruleg gledeleg og motiverande for oss alle.

Vi driv med lagspel til dagleg både gjennom arbeid og fritid. Lagånda og samspelet har vore heilt avgjerande for å lukkast med VCA-prosjektet. Det har gjeve betydeleg meirverdiar.

Sparebanken Vest bidreg no for å sikre allmennytta av styrketreningstilbod og det er viktig.

Gjennom Sparebanken Vest sitt eigarskap i meklarkjeda Eiendomsmegler Vest kjenner Kragsetparet godt Sparebanken Vest.sin ideologien og prioriteringar.

Saman gjer vi det betre og banken skal gjere livet endå betre på Vestlandet.

Kragset og Sparebanken Vest ser lyst på framtida i og for Volda. Det er ei ære og glede at Sparebanken Vest bidreg på denne måten.

Volda har med dei beste føresetnadane for vekst og utvikling gjennom sine idrettsmiljø. Med VCA si optimale beliggenheit midt i hjarte av høgskuleområdet skal no alt vere lagt til rette for vidare vekst og utvikling..

Prosjektet er viktig for busetnad og utvikling men framfor alt sentralt for barn og unge sine oppvekstvilkår. VCA vil klart styrke Volda sitt omdøme – i sin posisjon som regional motor for utdanning.