Pr. 13.3.2023
- Ved medlemskap i VCA-Trening får ein tilgang til styrkerommet i Volda campus Sparebank1 arena under føresetnad av:
- a) betalt medlemsavgift for styrkerommet eller
- b) er medlemmer av Volda handball eller KFUM Volda Volleyball og har betalt treningsavgift til klubben.
Medlemskap i kan teiknast av:
A) medlemmar av Volda handball og KFUM Volda Volleyball som har fylt 13 år og som har betalt treningsavgift. Desse må ta direkte kontakt med dagleg leiar i sin klubb for å bli registrert i VCA-Trening og få nøkkelkort/tilgang til Styrketreningsrommet.
B) andre personar over 18 år
- Medlemsavgift betalast månadleg. Det er ikkje bindingstid på medlemsskap
- Opningstider og praktisk informasjon:
- I skuleåret er styrkerommet er ope man – fre mellom klokka 16.00 – 22.00, og laur-søn mellom klokka 10.00 – 20.00.
- I feriar utanom skuleåret er styrkerommet ope 08.00 – 22.00 på kvardagar, og kl. 10.00 – 22.00 på laurdag og søndag
- Styrkerommet kan bli stengt i kortare perioder under avvikling av turneringar, vedlikehald eller liknande.
- Medlemmar får utlevert ei personleg nøkkelbrikke ved å vende seg til driftsleiar Eldar Meek som har kontor i Volda campus Sparebank1 arena. Nøkkelbrikke koster 200 kroner som betalast ved henting.
- Medlemmar som har fylt 17 år kan trene åleine.
- Medlemmar i aldersgruppa 13-16 år kan trene saman med ansvarleg rettleiar over 18 år som er til stades under heile treninga.
Ordensreglar for styrkerom i Volda campus Sparebank1 arena
- All bruk må bookast på førehand på Mi side. Dette vil bli sjekka av hallvertar.
- Nøkkelbrikka di er personleg, og skal ikkje lånast ut. Det er ikkje lov å sleppe inn andre personar på styrkerommet enn dei som har booka tid
- Utstyr bør for din eigen og andre sin del tørkast over før og etter bruk. Bruk fleirgangsklut som du sprayar med vaskemiddel, og tørk av apparatet
- Papir/søppel skal kastast i boset
- Utstyr skal ryddast på plass etter bruk
- Av hygieniske årsaker og sosiale grunnar ønsker vi at alle bruker anstendige treningskle (eks. t-skjorte, treningstights), og reine innandørssko
- Volda Campus Arena A/S fråskriv seg ansvar for skader på personar eller gjenstandar som oppstår under eller som følge av opphald i romma
- Hos oss har vi null toleranse for bruk av dopingmidlar. Sjå liste på www.rentsenter.no. Dersom det er mistanke om bruk av doping kan vi krevje dopingprøver. Om ein nektar å ta denne, eller det kjem fram positive prøver vil du bli utestengt for trening i Volda campus Sparebank1 arena
- Tap av nøkkelbrikke meldast snarast til driftsleiar i VCA A/S ved post@voldacampusarena.no
- Vi har tillit til at du følgjer ordensreglane, men viss stikkprøver viser brot på ordensreglar kan du bli utestengt frå trening og medlemskapet kan bli inndrege.